Velkomen til Atløy

Viser arkivet for stikkord vegpolitikk

Etterlyser fastlandssambandet til Atløy

Finst det nokon der ute som kan fortelje oss kva som skjer eller ikkje skjer med fastlandssambandet til Atløy? Det har vore svært stilt om dette sambandet altfor lenge. Ungdomen ventar på svar og i år er det stortingsval. For det er vel frå samferdsledepartementet pangane skal komme? Vi kan vel gløyme heile sambandet viss det er fylkestinget som skal finne pengar.
Alt kring 1980 vart det lagt fram ein plan for Nordsjøvegen: Sambandet frå fastlands-Askvoll over Atløy til Værlandet og Bulandet. Utafor Aldefjorden fekk dei vegen og det var ei prioritering dei fleste var einige i. Men etter dette ser det ut til å berre vere møter og brev og ingen konkrete tiltak.
I 1991 la forresten vegkontoret fram planen for undersjøisk tunnel til Atløy, men den tunnelen var så bratt og kort at han truleg var ubrukeleg. Alt den gongen kom det fram at sambandet var samfunnsøkonomisk rekningssvarande og ville kunne betalast ned med ferjeavløysingsmidlar i løpet av kring 25 år.
Men når har politikarane våre teke omsyn til kva som svarar seg for lokalsamfunnet? Her tenkjer vi på politikarar frå botn til topps.
Kanskje politikarane i Askvoll skulle ta bryet og gjerer ein skikkeleg innsats før kommunen er avfolka? Og så vil vi gjerene vite kva politikarane har gjort og ikkje minst: Kva vil de gjere for at Atløy skal få fastlandssamband?