Velkomen til Atløy

Viser arkivet for stikkord utstilling

Skulesoge på utstilling

Send oss klassebiletet frå ein av dei tidlegare skulane på Atløy.
Nemnda som skal ta seg av utstillinga under krabbefestivalen siste helga i juli, ønskjer å vise litt av soga til skulane på Atløy. Tanken er å sjå tilbake til omgangsskulen og fram til dei tre skulekrinsane på øya vart slegne saman.
Vi vil oppmode dei som kan fortelje historie frå skulen eller skulevegen, har ting eller bilete frå skulen, om snarast å kontakte Aud Elsa. Du får tilbake det du låner oss.