Velkomen til Atløy

Viser arkivet for stikkord tur

Rydda gammal ferdsleveg

Den gamle ferdslevegen mellom Høyvik og Gjervik er no rydda og merka. På Gjervik-sida er det turgruppa i Atløy Il med fleire, som har hatt jobben med å merke og rydde stien til Skrevarden. Høyvikarane har rydda den gamle ferdslevegen fram til denne stien på sørsida av Medfjellet, aust for Kletten.
Stien er rimeleg lett å gå – opp og ned – med ei lita flate på høgste punktet. Bortsett frå eit bratt berg som vart ei utfordring, men her kjem det truleg noko ein kan halde seg i.
Eg starta i Gjervik og avgjorde undervegs at eg ville gå den gamle ferdslevegen som svigermor fortalde om då ho levde. Ho gjekk mange gonger mellom Gjervik og Høyvik.
Frå stien er det flott utstyn over Gjervik og fjorden mot Fure. Når ein kjem nordover ferdslevegen, opnar dalen seg mot Stavfjorden. Etterkvart som ein kjem lenger ned, kan ein sjå Herlandsvatnet, Hovden og det meste av Høyvik.