Velkomen til Atløy

Viser arkivet for stikkord til

Pris til Atløy IL frå Canal Digital

ATLØY IL vart tildelt pris frå Canal Digital på Fosshaugane i Sogndal torsdag 12/6.
Her er tekst og bilder frå facebooksida til Atløy IL:

På kort varsel vart vi i Atløy IL invitert av Canal Digital og Sogndal til å komme inn på kveldens tippeligakamp mellom Sogndal og Vålerenga. Vi vart kjempe godt mottekne av Sogndal og satt i kontakt med Canal Digital.

I pausa måtte vi ut på Fosshaugane, der det vart offentleg overreking av sjekken pålydande 50.000,- alt dette vart foreviga live på Cmore!

Etterpå vart det intervju med Canal Digital om kva dette betyr for klubben vår og korleis pengane skal brukast. Det vil bli laga ei reportasje frå overrekinga og intervjuet.

Vi takka og bukka, å forsikra om at pengane var i trygge hender!
Stao pao!

Krabbe fartstid

Eit vakkert og altseiande initiativ frå alle Atløyningar.
Ingen skal ta frå Atløyningen at ho/han ikkje har dugnadsånd.
Krabbefestivalen er eit fantastisk bevis for det.
Og besøkjande på Herland må ha ei ubegrensa stor TAKK for at dykk vil vitje oss her vest i havet. Vi trivest so godt at vi har lyst å dele “dittane darene” med dåke. Slike gjestar vil vi ha att kvart år. Det gjekk utan uhell og “beina kom Heile heim” som er det viktigaste. I Båthamna på Herland hadde vi 150 overnattingsbåtar, noko vi i båtlaget set utruleg pris på, og eg vil gjerne takke medlemmar for at vi flytta tilhøyrande båtar vekk i alternative fortøyningar, slik at monge tå båtane fekk liggje i eigen bås med uteliggjar på beggje sider. Spesiellt dei med barnevogn og dei litt stivare i føtene. Vi har 90 plassar til rådighet, og det vil vi gjere neste år og.
Ta sjansen og alle dei flotte stand`s og offshore racing tur, leikar m.m for store og små… Super musikk med dans og spel for vaksne, fleire kveldar…. Camping med masse meir. Og til slutt vil eg takke ALLE og dei som stilte private hallar, naust, frysera, og buer til rådigheit for alle.
Til alle gjestande, VELKOMMEN IGJEN!!! når tid som helst!!
Vi gler oss til neste År !! ;-)