Velkomen til Atløy

Viser arkivet for stikkord skyss

Sørvisskyss på Atløy

Onsdag 23. juni startar ordninga med sørvisskyss på Atløy. Kvar onsdag kan folk – både unge og gamle – tinge plass med drosja som startar kl. 13.30 frå Herland og køyrer til butikken. Frå Høyvik går bilen kl. 14.25 og returen må skje seinast kl. 18.00. Passasjerane kan sjølv velje kvar dei vil gå av bilen langs ruta, og dei kan bli henta der dei gjekk av. Plass må du tinge dagen før på telf. 577 30 666/959 562 06, og det må skje før kl. 18.00. Viss ingen tingar plass, går det heller ingen bil.
Astri Halstensen i Nærmiljøsentralen understrekar at dette er ei teneste der folk må tinge plass i drosja på førehand, og alle må betale ein mindre eigendel for skyssen – kr. 15,00 ein veg.
Tanken er at også brukarar av Møteplassen kan få ei grei skyssordning til og frå bedehuset når den opnar etter sommarferien 18. august.
Sørvisskyssen er tilrettelagt av fylkeskommunen, kommunen, taxinæringa og lag og organisasjonar i kommunen.