Velkomen til Atløy

Viser arkivet for stikkord ros

Årets atløyning 2009

I fjor vart samferdslegruppa under Atløy Vel valt til årets atløyning. Grunngjevinga gjekk mellom anna på at gruppa har arbeidd iherdig gjennom mange år for fastlandssamband til Atløy. I 2009 lukkast det å få Atløysambandet med i politiske planar og få eit tidsperspektiv på når vi kan vente at arbeidet med sambandet kan starte. Med i gruppa er Aril Olset, Roald Vårdal, Bjørn Arne Mjåseth og Kay Lise Løkeland Leknes.