Velkomen til Atløy

Viser arkivet for stikkord reise

I open sovevogn til Sibir

Torsdagskvelden – 15. september kl. 19.00 – kan vi oppleve ei annleis reisereportasje i Atløy Kulturhus. Då kjem frilandsjournalistane Marit Bendz frå Førde og atløyningen Heidi Hattestein til Atløy og skal fortelje om opplevingar på den lange togreisa på 3. klasse til Sibir.
Dei feira jonsok og solsnu på tundraen saman med folka i ein liten landsby som held seg til den jakutiske naturreligionen. Dei møter mellom mange andre også sjamanar og et rått hestekjøt.
Vi får høyre historia og musikken og sjå bilete frå turen.
Bendz og Hattestein vart i 2008 utnemnde som Årets frilansarar av Norsk Journalistlag for reisereportasjene sine.
Kumle Kvinne- og Familielag lagar til denne kvelden og håpar det blir folksamt i kulturhuset denne kvelden.