Velkomen til Atløy

Viser arkivet for stikkord politikk

Atløyna fekk tre i kommunestyret

Av dei tre som kom inn i kommunestyret på Venstres liste var det Inger Lise Saltskår som klatra lengst. Ho stod på 19. plass og enda på 5. plass og er dermed medlem i kommunestyret. Turid Mattevik stod på 5. plass og enda som nummer 4, mens Bjørn Arne Mjåseth rykka ned ein plass frå 1. til 2. på lista. Utanom disse tre kom Gunnar Osland og Renate Berg inn i kommunestyret frå Venstre.
Atløyna fekk også to varamedlemmer frå Venstre: 1. vara Norvald Gjervik og 3. Jostein Kåre Grane.
Frå Høgre er John Ivar Askevold 2. vara og Arild Herland 7. Oddgun Keilegavlen Grane står som 3. vara for KrF, mens Kjellaug V. Høyvik er 2. vara, Roald Vårdal 6. og Mona Karin Herland 7. vara for Sp.
Vi kan vel ikkje snakke så mykje om demokrati når partia kumulerar frå ein til fire kandidatar på listene. Dette fører til at dei kumulerte som regel kjem inn framfor andre på vallista, men det finst heldigvis unntak: Venke Nordeide som fekk langt fleire røyster enn dei to kumulerte på Aps liste. (Den dyktige kvinna som Ap ikkje vil ha med)
Det nye i år er at Høgre har ordføraren, mens det er ein trend sidan 1988 at ordføraren er kvinne og lærar: Jorunn Ringstad, Kjellaug Veivåg Høyvik og Aud Kari Steinsland.
Siste to periodane har Ap hatt ordførarvervet, og før det sat Sp ved roret i Askvoll heilt tilbake til 1972 då Kåre Ness overtok etter Venstres Magne Loftheim.
Frida Melvær vert den fremste mellom likemenn i Askvoll kommunestyre med Kjell Kristian Carlsen Sp som varaordførar.