Velkomen til Atløy

Viser arkivet for stikkord komedie

Latterbombe

Lørdag 20. april var kvelden då halve Atløyna fekk latterkrampe. Flammedanserinna gjorde den hustrige kvelden til ei varm oppleving og var ei minneverdig avslutning på 20-årsjubileet til Atløy Kulturhus.
Revyskodespelarane på Atløy toppa alt det dei tidlegare har gjort. Komedien var midt i blinken for disse flinke amatørane, og tilskodaren fekk også med seg litt moral mellom latterkulene.
Flammedanserinna er ei forvekslingskomedie i tre akter som handlar om ein familie med to døtre og svigersøner med tillegg av eit par damer, ei hushjelp, ein vaktmeister og ein onkel som skaper forviklingar.
Det som overraska mest, var nykommaren – bussjåføren vår – som var nesten ukjenneleg med briller og med den merkeleg røysta. Kostymet var òg med å understreke rolla som distre, filolog. Låtten steig eit hakk når han viste seg.
Lyden var veldig bra og det galdt også lyset. For ikkje å snakke om regien.
Dei som var med i Skogstjerna Ungsomslag si revygruppe Øyamøyene denne gongen: Mona Karin Herland, Jens Tore Askevold, Grete Herland, Marit S. Leirvåg, Edvind Landøy, Sigmund Herland, Lisbeth Herland, Reidun Landøy, Dagfinn Mjåseth, Torhild Høyvik og Roald Vårdal. Gunn Elin Sætre var sufflør og har vel også hatt styringa. Richard Herland lyd, Guro Høyvik lys, sminke Heidi Beate Solheim Grane og illustrasjonar Ida Ariel Høyvik.