Velkomen til Atløy

Viser arkivet for stikkord herland

Solnedgang på Herland ein maikveld etter ein skytung dag.

Herland Grendahus Basar LAURDAG 21.09 13.KL 16.00

Alle hjarteleg velkomne på basar i Herland Grendahus
LØRDAG 21.09.13. KL16.00
Det vert åresalg.
Kaffi og kaker og
Loddsalg.
Kom og bli med på ei kosestund i Grendahuset.
Gevinstar mottakes med takk og kan leverast til:
Astrid H,Agate H, Aud K,og Kay Lise LL

Sommarskule med Redningsselskapet

Båtvett er viktig, og dette er noko ungane får med seg denne veka i småbåthamna på Herland. Her er det både segling, roing, fisking, teori og krabbeteiner i gong heile dagen!

Biletserie med 4 bilete — bla med å trykkje på pilene
  • Herland — Charles kommer sigende inn på havna.
  • Fest på bua. — En fin kveld på Herland :)

Krabbefestivalen -09

Sola strålte ikkje, men publikum var strålande.
Krabbefestivalen vart velsigna med godt veir og høge besøkstall. Det var fantastisk kjekt at so mange ville komme til Herland og vere med på krabbefesten atløyningane laga til. Takk til alle gjestande.

Det er litt utfordrande å få over 1400 stk på besøk ein laurdags ettermiddag. Men komiteen set att med inntrykk av at folk kosa seg, og at alle fekk mat. Takka vere alle som var med på dugnaden og gjorde sitt beste. Slik kunne alle få plass til båten, bubilen, tak over hauet når det regna, mat og drikke når ein var svolten, bord å ete på, stolar å sitte på, båtskyss, buss heim, nyte ei innhaldsrik utstilling og få åndeleg føde.
Takk til dugnadsgjengen, som strålte dei og.
Frå oss i komiteen : Jonny Leirvåg – Alfhild Vilnes – Anja G.Johnsen – Stig Magne Sund – Ole Kistrup Vilnes – Arne Roy Herland – Torill Vårdal