Velkomen til Atløy

Viser arkivet for stikkord fest

Blomster til Atløy-rektor

Onsdag 17. juni feira elevar, lærarar, foreldre og besteforeldre lærar Solveig F. Kumle som no sluttar som rektor ved Atløy skule. Blomar fekk ho i massevis både som gode ord og vakre bukettar.
Ho kom til Leirvåg skule for 39 år sidan og har lengste tida vore rektor. I 1998 kunne elevar og lærarar på Atløy flytte inn i ny skule, og Nipa Barnehage vart ein del av skulebygget. Skulekvardagen vart då fysisk lettare enn i gamleskulen.
Solveig fortalde litt om korleis ho vart lærar og hennar valg av Askvoll kommune som arbeidsgivar.
På festen deltok alle elevane med song, tekstar, dans og musikk. Lærarkolegaer, ordførar og foreldre talte og kom med gåver. Foreldra hadde laga dei flotte kakene som var ei fryd for ganen. To lange bord dekte med kaker, imponerande.
Som foreldre for elevar som forlengst sjølv er blitt foreldre, må ein berre takke elevar, lærarar og foreldre for festen.