Velkomen til Atløy

Viser arkivet for stikkord ferjekai

Viktig med allmenningskai

Før sommarferien var allmenningskaia i Gjervik klar til bruk, då hadde det gått ni månader frå ferja Aurland senka den gamle kaia. Det er å håpa at neste gong ferja får problem, køyrer ho utanom allmenningskaia.
Kaia er viktig for atløyningane. Her landar skyssbåten. Han går mellom anna med ungdom som pendlar til den vidaregåande skulen i Dale. Både ambulansebåten og andre nyttefarty brukar kaia.

Ferjekai på vent

Ferjekaia på Askvoll.

Skansa er reist med arbeidsriggen og Askvoll ferjekai ser ut til å vere ferdig. Men så er spørsmålet: Kvifor er ikkje kaia teke i bruk? Kan det ha samband med at Statens vegvesen først i slutten av mars lyste ut tilbod på mellom anna oppstillingsplass, fortau og belysning på Fv 608 Askvoll ferjekai – landområde?
Rykte vil ha det til at kaia først skal takast i bruk til hausten. Viss det er tilfellet, så må ein undrast kvifor ikkje utlysing og val av entreprenør er gjort tidlegare. For vi rekna vel med at når kaia er ferdig så skal ho brukast.

Askvoll ferjekai — Ferjekaia sett frå land 8. april 2010.

Ny ferjekai på Askvoll

Måndag starta Skansa Norge AS arbeidet med ny ferjekai (eller var det to) på Askvoll til ein pris på godt over 20 millionar kroner. Som Vidar Kaland skreiv i Firda: Dette må vere toppen av “galskap” etter mi meining. Ja, nokre av oss er einige med han. Her har vi venta i 30 år og nokre har jobba hardt for fastlandssamband, og så byggjer Statens Vegvesen ny ferjekai.
At det er lite effektivt å ha ei ferje liggjande på Askvika mens Nordfjordbåten er ved kai, skjønar vi. Og ny ferjekai vert sikkert kjekt å ha. Men kanskje vegvesenet heller kunne brukt noko av pengane til planlegging av fastlandssambandet, og at politikarane oppe i systemet kunne innsett at det svarar seg å byggje fastlandssambandet og at det hastar.