Velkomen til Atløy

Viser arkivet for stikkord bos

Utan respekt

bilde 1853154!(Foto: T. Vårdal)
Har folk ingen respekt for natur og nærmiljø? Bosdunkar for hytter ha ei tid vore fjerna frå Gjervik grunna problem med å få tømt desse. Når det ikkje er tilgjengelege dunkar, er det då greit å berre hive boset der dunkane stod? Eller kan det vere ein ide å ta boset med seg heim og hive det der? Eventuelt i eigen hage, og forvente at andre ryddar opp? Kommunen vert gjort merksam på problemet, så vonaleg vert området rydda snarast. Så får vi berre håpe at utplasserte bosdunkar vert nytta i framtida.

! Kontainerane flytta litt lenger oppver mot krysset i Gjervik. Eigarane av boset som ligg på den gamle plassen kan soleis flytte det derifrå til der det skal vere.