Velkomen til Atløy

Viser arkivet for stikkord bokbåt

Bokbåten kjem til Høyvik

Kommand haust ser det ut til at vi får gleda av bokbåt-besøk i Høyvik. Askvoll kommune har gått med på å auke bibliotekbudsjettet i år med 3700 kroner som er prisen for ein båtstopp. (Firda var litt raus med nullen i dag) Neste år må kommunen ut med minst det dobble for to stopp.
Høyvik grendelag søkte kommunen om at Atløy bør få besøk av bokbåten haust og vår slik det var i tidlegare år. Etter at bokbussen vart borte, har det ikkje vore bibliotekteneste på øya. Dei skreiv også at det er mogeleg for båten å liggje ved kai i Høyvik, der det er mange barnefamilier som vil bruke tilbodet.
Når både fylkesbiblioteket og biblioteksjefen i Askvoll er positive, så blir det nok besøk av Epos – han går vel framleis.