Velkomen til Atløy

Viser arkivet for stikkord besøk

RS Stavanger besøkte Herland

I kveldinga onsdag kom redningsskøyta “Stavanger” sigande inn til Herland. I vindstilla gjekk det sakte, men eit lite rek frå sør ga fartyet så mykje vind i segla at ho landa elegant ved småbåtlagets flytebryggje. Og der kom etterkvart mottakskommiteen: Redningsforeininga Sneklokken.
“Stavanger” er på sin siste tur langs kysten. Når fartyet kjem til Oslo, endar ho som museum på Bygdøy. Grunnen er at Colin Archer-skøyta er teke vare på slik ho var i 1901, og er den einaste av Redningsselskapets tidlegare 35 seglskøyter som er uendra.
I tida som redningsskøyte, 1901 til 1938, berga ho 53 menneske frå den visse død og slepa 2976 båtar og 20 skip med segl som drivkraft. Om bord korkjer var eller er det motor. Som skipper Johan J. Pettersen sa: Det går fint med berre segl, men vi har også årar. Han skrytte over kor god “Stavanger” er å sigle.
Ja, det er nesten trist at ei slik flott dame skal setjast på land. Og damene på kaia fekk komme om bord og ned under dekket. Litt annleis der enn i ein plastbåt med all slags moderne innretningar.
Her var køyer til mannskapet i den kombinerte byssa og messa, mens skipper og styrmann sov toeine i salongen. Vedomn til å koke på og vedomn til varme. Pøsen med tog i er framleis wc. Likevel, så langt fram som ei god tid etter siste verdskrigen, hadde ikkje mannskapet på fiskebåtar det så fint og romsleg under dekket som på “Stavanger”.
Foreiningsdamene vart imponerte over kor godt dei hadde planlagt som bygde desse båtane.