Velkomen til Atløy

Viser arkivet for stikkord basar

Herland Grendahus Basar LAURDAG 21.09 13.KL 16.00

Alle hjarteleg velkomne på basar i Herland Grendahus
LØRDAG 21.09.13. KL16.00
Det vert åresalg.
Kaffi og kaker og
Loddsalg.
Kom og bli med på ei kosestund i Grendahuset.
Gevinstar mottakes med takk og kan leverast til:
Astrid H,Agate H, Aud K,og Kay Lise LL

Basar for veglys

Søndag 9. oktober kl.16.30 har Kumle kvinne- og familielag basar i Atløy Kulturhus. Inntekta går til veglys langs fylkesvegen. Les meir…

Redningsbasaren samla bra med folk

Palmesøndag på ettermiddagen samla redningsbasaren nær 150 store og nokre små i Atløy Kulturhus. Dei sakna distriktssekretæren, John Birger Ystebø, som har hjelpt til med basaren sidan han tok til i jobben, men Tanja Smelvær var ein god erstattar. Ho fortalde mellom anna om sjøvettarbeidet mellom barn og unge, og om ein planlagd sommarleir. Også skipperen på redningsskøyta hadde ordet. Han hadde med seg mannskapet og fleire frå Florø. Elles song foreningsdamene og Bjarne gamle slagerar til tonefølgje av Charles og Einar. Det var mykje kaker til kaffimat og bra med vinstar på lodd og årar. Brutto kom det inn 34.061 kroner. Eit godt resultat, særleg etter at dei er slutta å gå på dørene til bygdefolket for å selje lodd. Elles hadde Sneklokken god hjelp før og etter basaren av ein flokk litauarar frå Herland. Dei både rigga og rydda.