Velkomen til Atløy

Viser arkivet for stikkord båttur

Underhaldande motorbåttur

Lørdagskvelden – 28. april – var atløyningane bedt med på motorbåttur i Atløy Kulturhus. Eit par-tre ungdommar gjøgla og spelte, og nokre av Atløymøyene song mange, friske songar til tonar frå det firemannssterke orkesteret. Kjekt å vere sjølvhjelpne med musikken.
Dei to “stand up”-gutane imponerte med tempo og hugs. Komikken i teksten fekk både dei og møyene vist oss.
I matsalen kunne vi nyte betasuppe og bløtkake, og etter framsyninga var det dans til husorkesteret.
Ein underhaldande kveld..