Velkomen til Atløy

Viser arkivet for stikkord atløy

Pris til Atløy IL frå Canal Digital

ATLØY IL vart tildelt pris frå Canal Digital på Fosshaugane i Sogndal torsdag 12/6.
Her er tekst og bilder frå facebooksida til Atløy IL:

På kort varsel vart vi i Atløy IL invitert av Canal Digital og Sogndal til å komme inn på kveldens tippeligakamp mellom Sogndal og Vålerenga. Vi vart kjempe godt mottekne av Sogndal og satt i kontakt med Canal Digital.

I pausa måtte vi ut på Fosshaugane, der det vart offentleg overreking av sjekken pålydande 50.000,- alt dette vart foreviga live på Cmore!

Etterpå vart det intervju med Canal Digital om kva dette betyr for klubben vår og korleis pengane skal brukast. Det vil bli laga ei reportasje frå overrekinga og intervjuet.

Vi takka og bukka, å forsikra om at pengane var i trygge hender!
Stao pao!

Årsmøte AIL

Årsmøte

Atløy Idrettslag
onsdag 21.03.2012

kl 19.00 i Atløy Kulturhus

Sakliste:
1.Val ordstyrar
2.Godkjenne innkalling
3.Godkjenne sakliste
4.Val skrivar
5.Val underskrift møtebok
6.Årsmeldingar
7.Årsrekneskap
8.Tilbygg Atløy Kulturhus
9.Dugnadsdag
10.Saker som har kome til
11.Val

Dei som ikkje tek attval må melde skriftlig i frå til valnemnda v/ Rita Herland, innan 12.03.2012.

Årsrapportar frå særgruppene og saker som skal takast opp må vere levert til Vegard Stølen, innan 12.03.2012.

• Atløy IL, Atløy 4H, Høyvik Grendalag og Kumle Kvinne- og Familielag er registrerte mottakere. Sjå her summen vi mottek frå deg som tippar. Dersom du ikkje allerede har valgt oss, håpar vi du gjer det no når du ser det nyttar. • www.norsk-tipping.no

Utan respekt

bilde 1853154!(Foto: T. Vårdal)
Har folk ingen respekt for natur og nærmiljø? Bosdunkar for hytter ha ei tid vore fjerna frå Gjervik grunna problem med å få tømt desse. Når det ikkje er tilgjengelege dunkar, er det då greit å berre hive boset der dunkane stod? Eller kan det vere ein ide å ta boset med seg heim og hive det der? Eventuelt i eigen hage, og forvente at andre ryddar opp? Kommunen vert gjort merksam på problemet, så vonaleg vert området rydda snarast. Så får vi berre håpe at utplasserte bosdunkar vert nytta i framtida.

! Kontainerane flytta litt lenger oppver mot krysset i Gjervik. Eigarane av boset som ligg på den gamle plassen kan soleis flytte det derifrå til der det skal vere.

Fotballkamp 6. divisjon herrer

Søndag 22.05 spelar herrelaget til Atløy sin første heimekamp for sesongen mot Tambarskjelvar. Kampstart er kl 14.00. Håpa at dei som har anledning kjem for å støtte laget på jakt etter sesongens første siger. Det blir og høve til å kjøpe kaffi, vafflar m.m i kiosken.

Årsmøte Atløy Idrettslag

Årsmøte

Atløy Idrettslag
søndag 13.03.2011

kl 14.00 i Atløy Kulturhus

Sakliste:
1.Val ordstyrar
2.Godkjenne innkalling
3.Godkjenne sakliste
4.Val skrivar
5.Val underskrift møtebok
6.Årsmeldingar
7.Årsrekneskap
8.Tilbygg Atløy Kulturhus
9.Saker som har kome til
10.Val

Dei som ikkje tek attval må melde skriftlig i frå til Vegard Stølen, innan 07.03.2011.

Årsrapportar frå særgruppene og saker som skal takast opp må vere levert til Vegard Stølen, innan 07.03.2011.

Hjartestartar på Atløy

Status for innsamling til hjartestartarar på Atløy pr. Desember 2010:
Vi har fått inn Kr 5700,- på konto 3705 17 47926.
Sidan ein startar kostar 25-30000, har vi eit stykke igjen for å få realisert dette prosjektet.
Det er eit håp om at vi kan få ein startar med opplæring frå Helse Førde, men noko endeleg svar har vi ikkje fått enno.
Dersom det er nokon som kan tenke seg å få opplæring og vere med å ha ei form for vakt på startarane, kan dei vende seg til Atløy Vel.

Innkalling til Ekstraordinært Årsmøte i Atløy Vel!

Styret i Atløy Vel har vedtatt at det skal avholdes Ekstraordinært
Årsmøte i Atløy Vel, Søndag den 6 september 2009, kl. 16:00 i Atløy Kulturhus.
Styret ønsker eit vedtak på fordelinga av overskotsmidlane etter årets Krabbefestival.
Samferdselgruppa vil også avholde ein presentasjon på status og “veien vidare” vedr. Atløysambandet.

Vel møtt!

For Styret
Tore H. (Leiar)