Velkomen til Atløy

Viser arkivet for stikkord allmenningskai

Lang ventetid på kai-reparasjon

Fylkesbaatane har endeleg lova Askvoll kommune at allmenningskaia i Gjervik skal vere ferdig i april. I månadskiftet februar/mars startar Steinsund Marine å byggje ny kai etter at ferja Aurland senka kaia ein av siste dagane i september i fjor. Byggjetida er rekna til seks veker, og kaia skal bli slik ho var som ny i 2001.
Når vi ser kor skammeleg, lang tid det har teke å reparere kaia, må vi vere glade for at det ikkje var ferjekaia som fekk smellen.