Velkomen til Atløy

Pris til Atløy IL frå Canal Digital

ATLØY IL vart tildelt pris frå Canal Digital på Fosshaugane i Sogndal torsdag 12/6.
Her er tekst og bilder frå facebooksida til Atløy IL:

På kort varsel vart vi i Atløy IL invitert av Canal Digital og Sogndal til å komme inn på kveldens tippeligakamp mellom Sogndal og Vålerenga. Vi vart kjempe godt mottekne av Sogndal og satt i kontakt med Canal Digital.

I pausa måtte vi ut på Fosshaugane, der det vart offentleg overreking av sjekken pålydande 50.000,- alt dette vart foreviga live på Cmore!

Etterpå vart det intervju med Canal Digital om kva dette betyr for klubben vår og korleis pengane skal brukast. Det vil bli laga ei reportasje frå overrekinga og intervjuet.

Vi takka og bukka, å forsikra om at pengane var i trygge hender!
Stao pao!

Strandbilder Herlandsvika

Noen som kan legge inn strandbilder fra Herlandsvika ? (Støvikene-Selhågsanden-Aurholmene)

Dugnad

I og rundt Herland Grendahus
Torsdag 1 mai frå kl 10.00 og utover.

- Vask av sal, stolar og bord
- Slå plen
- Maling av stakittgjerdet
- Reinsking i blomsterbed mm
- Spyle trapp og tun

Ta med arbeidslyst, godt humør og hageredskap.
Vi spanderar kaffi og vaflar.

Håpar på godt oppmøte so vi får pynta opp i og rundt Grendahuset til 17 mai.

styret i Herland grendalag

Flott resultat på redningsbasaren

På Redningsbasaren vår i Atløy Kulturhus Palmesøndag, kom det inn kr 54 730.-
Takk alle dei vel 200 som kom på basaren, dei som kjøpte årar og lodd, Atløykoret og Skulekoret som underheldt med flott sang og dei gode hjelparane vi hadde den ettermiddagen. Og til RS Simrad Buholmen m mannskap og gjestar som kom frå Måløy. Det er kjekt å lage til basar når det blir slikt stort oppmøte og kjempegode resultat.

Sneklokken Redningsforening

DD Dansens Dagar. Kulturskulen i Hyllestad og Fjaler 4 grupper og 40 elevar. Kven kjem frå Atløy, Holmedal og Askvoll?

Hyllestad og Fjaler Kulturskule.

10 nye dansarar påmelde i går. Bollywood Dance.

Kulturskulen i Hyllestad og Fjaler 4 grupper og 40 elevar.
Barnedansen med Jan.
Dans frå Kina. 6 dansarar. 我
Song. Désirée
Torsdagsdansen.
Siste påmelding i går er 10 dansarar med Bollywood Dance.

Kva det er? Kom og sjå kl 12.
As we talked today in Gammaldans, we are going to do Bollywood dance in Dale. We are Les meir…

Fellestur til Skrevarden.

Langfredag vert det fellestur til Skrevarden.
Vi starter frå Grendahuset i Høyvik kl 1030 og går opp frå Høyviksida i år!
Kom å bli med på tur!!!
arr fjelltrimmen

Basar.

Torsdag kl 1500 er de velkomne til den tradisjonelle ,skjærtorsdag basaren i Høyvik grendahus.
Åresalg ,loddsalg kaffi og kaker. Fine gevinster ! :-)

Alle er hjarteleg velkomne !!

Selge noko på Krabbefestivalen?

No er det ikkje mange månadane igjen til Krabbefestivalen, og planlegginga er i full gang. Vi er blant anna på utkikk etter deg som vil ha stand for å vise fram/selje det du lagar. Om dette er noko for deg ta kontakt Ann Tove Stølen på tlf 975 24 113

Godstransport for Atløy

Etter møte mellom Atløy Vel, lokalt næringsliv, Transferd og Askvoll Kommune er det oppretta ei fast godsrute til Atløy kvar mandag og onsdag. Dette er ei prøveordning og Atløy Vel oppmodar alle om å bruke Transferd og desse to rutene, so langt det let seg gjere. Vert dei lite nytta vil tilbodet falle vekk. Les meir…

Vilnes kyrkje 340 år

I år er Vilnes kyrkje 340 år. Ho vart bygd i 1674 etter at den gamle kyrkja brann ned på grunn av lynnedslag. Kyrkja skal vere den vestlegaste trekyrkja i Noreg frå denne tida. Alt i 1320 stod det kyrkje på Vilnes, og vi kan vel rekne med at det har vore kyrkje på staden i nær 700 år.
Dagens kyrkje vart berga frå riving og restaurert i 1950-åra. I kulturminneåret 1997 vart kyrkja valt til Askvoll sitt kulturminne. Kyrkje vert nytta til gudsteneste, bryllaup, gravferd og konsertar. Spennande soger handlar om området og dei tre bautasteinane ved kyrkja.

KRABBEFESTIVAL

25., 26. og 27. juli går krabbefestivalen av stabelen for sjette gong på Herland, Atløy. Sett av datoen, for då skal krabbe knusast, drikke serverast, krabbeballane rullast og ikkje minst- det skal dansast!
Vi treng alle dei fantastiske folka vi kan få til denne festivalen, så spre ordet til folk du kjenner, slektningar du veit kjem denne helga eller andre som vil vere med å hjelpe. Vi treng deira namn og gjerne nummer.

Gje gjerne beskjed på førehand om du veit du ikkje kan stille i år, det blir vi veldig takksame for. Spre gjerne ordet til andre som ikkje er på internett eller origo.

Vi er klar for festival, og dette året skal vi ha nye aktivitetar og sprell! Håper alle er klar for å ta i eit tak og ha det morosamt ilag!

.

Frå fjaler til Rio

Fure og Våge songlag viser kabareten “Frå Fjaler til Rio”
Atløy Kulturhus, laurdag 1. mars klokka 19.00
Ein kabaret med 19 songar frå eit vidt spekter av teksforfattarar.. Les meir…

rv 609/Heilvang: stein i vegen ring 175.

Det har dei siste 3 år gått 46 ras ved Heilvang. Tunnel er no under planlegging.
For å få fortgang i dette arbeidet må alle presse på. Og ein måte å gjere det på er å rapportere inn om stein i vegbana, og ras sjølvsagt, på den vegstrekningen.
Tunnelen vil bli vel 2.2 km lang, truleg lenger.
Det er enndå ikkje bestemt kor tunnelen skal begynne, og det er om å gjere at den blir lagt på rette plassen, så derfor er det viktig at all stein som vi ser i vegbana blir rapportert inn til 175, vegtelefonen, slik at vegvesenet då får eit godt utgangspunkt til å planlegge ein trygg og god tunnel.

Så ring 175, før du hiv steinen i fjorden.

Til Holmedal på dokketeater. Segna om Jorunn i Alden.

No er det kort veg til Holmedal.
Du slepp å tenkje på ferjeruter.
Då er det enkelt å få med ting som skjer.

I kveld var det 4H frå Atløy som hadde framføring i Holmedal samfunnshus.
Holmedal ungdomslag og Folkeakademiet var medarrangørar.

Det er seks ungdommar i alderen 11 til 16 år som saman med medhjelparar har laga og framfører dokketeaterstykket.

Det bygger på ei gammal segn om Les meir…

Jorunn i Alden til Holmedal bygdehus 31. jan kl 18

Atløy 4H syner fredag den 31.jan dokketeateret Jorunn i Alden i bygdehuset i Holmedal kl 18.
Håper mange frå øyna og fastlandet tek turen.
Billett: Vaksne kr 50 og born kr 20.
sal av mat og kaffi frå kl 17.
Store og små er hjarteleg velkomne.
Dette vert kjekt!!

Serviceskyss 2014

Rutetider Atløy ONSDAGAR
Herland til Sauesund kl. 13.30
Høyvik til Sauesund kl. 14.30
Retur frå Sauesundet kl 16.30

Atløy tlf: 57 73 0 66 / 959 562 06
Pris kr. 15.- ein veg uansett køyrelengde
Viktig:
Alle som vil nytte serviseskyssen må tinge plass seinast kl. 18.00 dagen før. Dette fordi taxi eigar vil vite kva bil han skal nytte, og kor han skal hente deg. Les meir…

No er ferja snart vekke

Kommunedelplan Atløysambandet .
Oppstart planarbeid og høyring av planprogram.
I samsvar med plan- og bygningslova § 12.8 varslar vi med dette at det blir sett i gang planarbeid for
Atløysambandet. Askvoll kommune ynskjer å vedta ein kommunedelplan for veg mellom Atløy og fastlandet,
basert på bru eller tunnel. Slikt løysing vil gi reduserte reisetider og transportkostnader sammenlikna med
dagens ferje. Det kan bidra til positive ringverknader med tanke på folkesetnad og utvikling av næringslivet.
Tiltakshaver er Askvoll kommune. Rambøll er leigd inn som konsulent til å utføre planarbeidet. Tiltaket fell inn
under forskrift om konsekvensutgreiing. Det er difor laga eit planprogram som blir sendt på høyring før oppstart
av planarbeidet. Planområdet strekkjer seg frå Vikane/Olsetneset på fastlandet via Prestøyna, Granesundet og
Sauesundøyane til Grov på Atløyna. Planprogrammet med kart over planområdet kan ein finne på:
http://www.ramboll.no/news/kunngjoringer eller på Askvoll kommune si heimeside.
Forslag til endringar i planprogrammet kan ein sende til Rambøll v/Terje Norddal, P.b 9420 Sluppen, 7493
Trondheim, eller terje.norddal@ramboll.no innan 10.februar 2014. Endeleg planprogram skal godkjennast av
kommunestyret i Askvoll.

God jul

Jeg ønsker meg en kraft
som havet når det bryter
med kursen satt i draft
uten skjær og livets lyter

Jeg ønsker meg et lys
som barna når øyne skinner
med latter som ikke knys
for lek og fremtids minner

Jeg ønsker meg et sted
med folk som sammen mener
en hverdag i virkets fred
med samhold og trygge sener

Ønsker øyfolket en god jul og et fredelig nyttår.

Julemesse i Kumle bedehus

Søndag 8. desember kl. 14.00 opnar vi julemessa i bedehuset. 10 stykker stiller med stand. Vi skal ha lynutlodding og sel kaffi og svele. Møteplassen Helgtun er open under julemessa, og vi sel både handarbeid og lokale sogebøker. Vi håpar mange finn vegen til bedehuset og ønskjer alle velkommen. Det er mange år sidan det sist var julemesse i bedehuset og det er kjekt at huset vert brukt. Denne gongen er det bedehuset med støttespelarar som skipar til messa.

Brufesten

Askvoll sogenemnd

Bokslepp på Askvoll Fjordhotell fredag 9. november kl . 1400

Askvoll sogenemnd endeleg tilbake med nytt sogehefte .
Hefte inneheld mange og varierte artiklar frå heile kommunen.
Hefte kjem og i sal i butikkar i heile kommunen for Kr. 200.-

Askvoll vil feire Torsheim

Fredag 1. november planlegg Askvoll kommune feiring av den for lengst utflytta kunstnaren Oddvar Torsheim. Det skjer ved rådhuset og sentrumshamna i Askvoll mellom klokka 16.00 og 18.00, og Stig Eikås slår til med ny statue av kunstnaren.
2. november fylle Torsheim 75 år. Han vart fødd på Herland og døypt i Vilnes kyrkje, men etter eit par år flytta familien frå Atløy og Askvoll. Mora, Jenny, var dotter til handelsmann Abraham Høvik med butikk i Skaret. Faren Hermann var lærar og frå Dørhella.

Klipp ei grein eller flytt på ein stein

Atløy Idrettslag har no eit høgt antal kilometer med turstiar som skal haldast opne. Skal ikkje so mykje til på dei fleste stadar, MEN kjekt å sjå at nokon har gjort noko. Fex ei fjøl å trakke på i vått terreng eller gjenreising av blå steinar og vardar som har blitt påverka av tyngdekrafta eller andre krefter. Stiane er mykje brukte so dei grør ikkje igjen heldigvis, Jonny Leirvåg har beitepussaren klar. Men det er fullt lov for alle å ta eit tak, noko vedlikehald må til.
HAR DU LYST Å VERE FADDEREIN STI? Om de er ein, eller fleire i lag som kan tenke seg å ta seg av ein av stiane spesielt, hadde det vore kjempefint. Reidun og Aud har tatt på seg Lesshåjen – Skålefjellet. Høyvik Grendalag har stien Høyvik – Gjervik og Høyvik – Eidet.
Treng “faddera” til fylgjande stiar: 1) Herland – Kjørvik 2) Geologisti Lesshåjen – Skarvika – Brurastakken 3) Herland – Brurastakken 4) Gjervik – Skredvarden

Vennligst ta kontakt med meg om de vil ha dette oppdraget eit år eller to.