Velkomen til Atløy

Merka stier

Atløy Idrettslag har klipt og merka eit nett av stiar. Her finn du toppturar, krevande og mindre krevande turar. På toppane ligg det bok du må skrive deg i. GOD TUR!

1 Hovden – 367 moh Topptur

Blå løype. Lengde 1,4km, ca 1 time til toppen. Skilta frå vegen før Tevik, mellom Rindane og Ørnefjjellet. Stien er stadvis bratt. Utsiktspunkt på toppen.

2 Granefjellet – 303 moh. Topptur
Blå løype. Lengde 1,5 km, ca 45 minutt til toppen. Skilta frå riksvegen på Høyvikeneset. Stien er stadvis bratt. Utsiktspunkt på toppen. Her er merka sti vidare til Skredvarden, 4 km.

12 Atløynipa – 566 moh. Topptur
Blå løype. Sti til Nipa er merka frå Skrevarden om du går frå Gjervik. Går du frå Eidet føl du stien mot Skrevarden. Skilt mot Nipa viser kvar du skal ta til høgre, og går på vestsida av Skredvatnet. Tar omtrent 45 minutt frå stiskiljet til Nipa, og 45 minutt frå Skredvarden til Nipa.
KART HER Søk på Atløyna

7 og 9 og 11 frå Gjervik

.7. Gjervik – Skredvarden 636 moh Topptur. Kystarven
Blå løype. Lengde 3,1 km, ca 2 timar til toppen. Stien er merka frå gårdstun rett opp for ferjekaia.Starten av løypa er felles med stien til Høyvik.

Etter å ha kryssa enga oppom husa går stien på sørsida av skogen, og gjennom skogen. Jamn stigning stort sett heile turen og ein god motbakke på slutten. Rundt eit lite vatn og ein liten stigning til so er ein ved varden, og utsiktspunktet på toppen. Her går sti vidare mot Eidet, Skålefjell ved Herland, Granefjell og Høyvik.

9. Gjervik – Høyvik Den gamle ferdselsvegen mellom bygdene. Kystarven

Blå løype. Lengde 3,3 km, ca 1,5 time ein veg. Stien er merka frå gårdstun rett opp for ferjekaia .
Starten av løypa er felles med stien til Skrevarden.

Første tredjedel av løype i litt bratt terreng til 230 moh.Etter å ha kryssa enga oppom husa, går stien på sørsida av skogen og gjennom skogen. Første tredel av løypa går i litt motbakke, til 230 moh. Så svingar den mot nord og nedover gjennom Bjørndalen , i lett småkupert terreng.

Meir bilder frå stien Aud var tidlig ute og prøvegjekk

11. Gjervik – Setekletten Bra stigning heile vegen, ca 1 time.

Følg stien mot Skrevarden. Skilta pil mot Setekletten etter ca 40 minutt. Setekletten er 440 meter og du får fin utsikt mot nord. Vardar viser vei mot sør, so du kjem inn igjen på stien til Skrevarden om du skal dit.
Det er godt merka også frå Granefjellet til Setekletten.

KART HER Søk på Atløyna

3, 8 og 9 frå Høyvik

3. Høyvik – Skredvarden 636 moh. Topptur
Blå løype. Lengde 3,6km, ca 2 timar til toppen. Skilt på fjøsvegg ved riksvegen. Stien er stadvis bratt. Starten av løypa går over slåttemark og er felles med stien til Gjervik og til Eidet.

Etter ein halv km langs med lia kjem ein til eit parti med stor stigning. På toppen her går ein eit godt stykke i småkupert terreng før ein ny god motbakke opp fjellsida. Rundt eit lite vatn og ein liten stigning til so er ein ved varden, og utsiktspunktet på toppen. Her er merka sti vidare mot Eidet og mot Skålefjell ved Herland.

9. Høyvik – Gjervik Den gamle ferdselsvegen mellom bygdene. Kystarven

Blå løype. Lengde 3,3 km, ca 1,5 time ein veg. Skilt på fjøsvegg ved riksvegen. Starten av løypa går over slåttemark og er felles med stien til Skredvarden og til Eidet.

Små kupert og slakk stigning første 2/3 av turen, gjennom Bjørndalen. Endar i gardstun rett ved ferjekaia i Gjervik.

8. Høyvik – Eidet Den gamle kyrkjevegen frå Høyvik. Kystarven

Utsikt mot Herlandsvatnet, Herland, Tviberg og Alden

Blå løype. Lengde 5,9km, ca 3 timar ein veg. Skilt på fjøsvegg ved riksvegen. Starten av løypa går over slåttemark og er felles med stien til Gjervik og til Skredvarden. Stien går på nordvest sida av Skredvarden. Utan stor stigning,i småkupert terreng til 300 moh.

Vakker natur med utsikt mot Herlandsvatnet, Høyvik, Stavenes og Kinn m.meir. På det høgaste passerer ein Langetjerna mellom Veten og Skredvarden, flatt og myrlendt terreng. Sætrevatnet som ein kjem ned til før riksvegen, er drikkevatn men og fiskevatn. Stien er merka fram til riksvegen. Går ein andre vegen er det noko stigning opp til Langetjerna frå Sætrevatnet, men resten av turen i nedoverbakke.

Desse tre stiane er rydda og merka av Høyvik Grendalag.

KART HER Søk på Atløyna

7, 8 og 4 frå Eidet

Utsikt mot Sætrevatnet og Eidet

7. Eidet – Skredvarden 636 moh. Kystarven

Blå løype. Lengde 3,3 km, ca 2 timar til toppen. Stien er skilta frå riksvegen, startar på nordvestsida av Buskefjellet og går langs vestisida av Sætrevatnet. Starten er felles med stien til Høyvik og til Skålefjell. Parkering på vegskulder.

Ein går først gjennom noko vått terreng ved Sætrevatnet, som er drikkevatn men og fiskevatn. Stigning stort sett heile turen, bratt siste stykket mot toppen og utsiktspunktet. Her er merka sti vidare til Høyvik og Gjervik.

8. Eidet – Høyvik Den gamle kyrkjevegen frå Høyvik. Kystarven

Blå løype. Lengde 5,9 km, ca 3 timar ein veg. Stien er skilta frå riksvegen, startar på nordvestsida av Buskefjellet og går langs vestisida av Sætrevatnet. Starten er felles med stien til Skredvarden og til Skålefjell. Parkering på vegskulder.

Ein går først gjennom noko vått terreng ved Sætrevatnet, som er drikkevatn men og fiskevatn. Noko stigning første stykket frå Sætrevatnet opp mot Langetjerna, 300 moh. Flatt og myrlendt terreng på toppen. Resten av turen går i nedoverbakke i lett kupert terreng langs fjellsida. Vakker natur med utsikt mot Herlandsvatnet, Høyvik, Stavenes og Kinn m.meir.

KART HER Søk på Atløyna

4. Eidet – Skålefjell. 334moh

Blå løype. Lengde 2,5 km, ca 1,5 timar ein veg. Stien er skilta frå riksvegen, startar på nordvestsida av Buskefjellet og går langs vestisida av Sætrevatnet. Starten er felles med stien til Skredvarden og til Skålefjell. Parkering på vegskulder.

Ein går først gjennom noko vått terreng ved Sætrevatnet, som er drikkevatn men og fiskevatn. Noko stigning første stykket frå Sætrevatnet. Før ein kjem på toppen av Sætregåta er det skilta til venstre mot Skålefjell. Forholdsvis flatt terreng 600 m utover på vestsida av Veten til Kjøtjørna. Her er det skilta til venstre mot Skålefjell. I dette krysset er det og skilta mot Skredvarden. Ca 400 m til i flatt småkupert terreng og ein kort stigning til so er du på toppen. Nokre hundre meter mot nordvest so ser du varden. Her er merka sti vidare til Anddalsvatnet ved riksvegen før Herland.

5 og 6. frå Herland

Vilde og Roar fant noko som liknar på Atløyna

5. Lesshågen – Skålefjell 334moh

Blå løype. Lengde 2,1 km, ca. 1 time. Skilta frå riksvegen, 500 m før du kjem ned til Herland.
Stien går først på norsida av Anddalsvatnet, så østover opp dalen mellom Husefjell og Skålefjellet. Her kjem ein opp til eit vatn og stien dreier mot sørøst. Lett stinging heile vegen,. Nesten på toppen ligg eit nytt lite vatn. Stien går på venstre side av vatnet, kun eit lite stykke til so er du ved varden. . Merka sti vidare frå Skålefjell til Eidet 2,7 km, og til Skredvarden 3 km.

KART HER Søk på Atløyna

6. Lesshågen Nordsjøløype Brurastakken

Stien er skilta mot høgre, opp gjennom gjelet som tyskarane skaut ut under krigen. På toppen her er skilta mot Brurastakken til venstre, og til høgre mot Herland. Det er kort vei til Brurastakken utsiktspunkt 177 moh. Til Herland er det ca 2 km. i lett nedoverbakke. Stort sett på berg men litt myr i slutten av løypa. Området har eit rikt planteliv, her finn ein mange artar som trivest på kalkhaldig grunn.
Før ein kjem opp på Brurastakken ligg stiskilje med skilting til høgre mot Geologiløypa. Denne er ca 2 km og går i ei sløyfe ned mot sjøen framom Brurastakken. Her er litt bratt eit stykke, men idrettslaget har satt opp stigar for å lette ned/oppstiginga. Her får du sjå dei karakteristiske foldingane i Brurastakken på nert hald. Frå sjøen lett stigning opp igjen til riksvegen.
Geologiløype er og skilta frå Lesshågen om ein vil gå motsatt veg.

Leif fortel om korleis han huskar det var på tyskarhytta

6. Herland Nordjsøløype Brurastakken
Blå løype. Lengde 2 km, ca 1 time til Brurastakken.

Skilta frå småbåthamna. Ta av til venstre ved postkassestativ ved første huset på venstre side. Litt myr i starten men resten i lett stigning mellom lyng og på berg. Etter 1 km kjem ein til tyskarhytta. Her hadde tyskarane utkikkspunkt og tilhaldsstad under krigen.

KART HER Søk på Atløyna

5. Herland – Kjørvik. Kystarven
Blå løype. Lengde 3,7 km, ca 3 timar ein veg. Lett småkuppert terreng.

På høgda før Selhågsanden, skimtar Herland i bakgrunnen.

Parkering ved Herland Grendahus, vil bli skilta herfrå. Foreløpig ikkje merka før den raude låven på Neset. Første del av turen går på riksvegen. Ta til høgre i krysset før moloen og fortset ca 250 meter til på vegen. Stien startar på Neset, ved ein gammal raud låve på høgre side. Etter 500 m i ganske flatt terreng er ein ved Kvernhuselva og første utsiktspunkt. Kun 300 meter til so er du ved Herlandsvatnet, andre utsiktspunkt. Her har Atløy IL laga bru over Kvernhuselva, resten av turen går i lett småkuppert terreng langs med Hovden. Lune vikar og kalkhaldig berggrunn i Hovden, gjer dette til eit område med spesielt mangfald av lyng og blomsterartar. Frå Herlandsvatnet er det ca 2 km i lett småkuppert terreng inn til Selhågsanden, som er ein fin rasteplass, og badestrand. Det er ikkje merka sti til Avløyp som ligg på neset mellom Selhågsanden og Kjørvik. Både Avløyp og Kjørvik er no fråflytta men i bruk om sommaren. Frå Kjørvik er det nesten 1km, lett å finne fram, til Tevik og bilveg. Men merka sti sluttar i Kjørvik.

Bilder frå brubygginga

Vist 3471 gonger.