Velkomen til Atløy

Tussane i Ryggsteinhytta

Dette flotte bildet frå Ryggsteinen av Marit S Leirvåg var/er på origo Atløy 23.august 2012. Bildet fekk meg til å hugse forteljingar om tossane i Ryggsteinhytta som eg fleire gonger og i fleire variantar fekk høyre når i tidleg barndom særleg sommartid var ute på Atløyna.

Ryggsteinen er som kjendt ei lita samling av mindre holmar og skjær i havet utanfor Atløyna, vest som Moldværet. I eldre tid stod der ei lita hytte i Ryggsteinen. Kor gamal denne hytta var og kven som sette den opp veit eg ikkje. Om eg er rett informert låg Ryggsteinen under Høyvik. Kanskje var det folk derifra som sette opp denne hytta.

I tida før det kom motor i båtane var Ryggsteinhytta ofte brukt til overnatting av folk som var ute og fiska i dette havområdet. Heimvegen kunne verte sers strevsam om dei fekk tung sydaust vind og utgåande straum. Det gjekk nok lettare og raskare når havgula stod frisk mot landet og båten skaut fart under råseglet.

Fleire skal ha høyrt til tossane i Ryggsteinhytta. Nokre skal ha sett dei og. Det er m.a. fortalt om eit båtlag med tre personar i ein seksæring som kom roande opp i Ryggsteinen. Dei såg ikkje meir til dei, men høyrde det ståka oppe på betane i hytta om natta.

Det er nokså lenge sidan eg har vore vest om Moldværet. Det hadde vore moro å teke seg ein tur ut dit. Ryggsteinhytta er borte for lenge sidan. Kva med tossane- er dei der framleis? Kanskje er det lettast å treffe på dei om eg kjem til Ryggsteinen på gamlemåten- roande og siglande i tjørebredd båt.

Er det fleire enn eg som kan seie at dei har høyrt om tossane i Ryggsteinhytta?
Er det nokon som har sett dei?

Vist 201 gonger. Følgt av 1 person.

Biletsamlinga (777 bilete)