Velkomen til Atløy

Landnot og kasting. Drama ved fjorden.

For sakte fart. Basen prøver å registrere fisk.

Notbåten, seksæringen frå Einen, kjem roleg langs land.
Dei må følgje med signal frå basen.
Dei må ro så stille som dei kan. Ause vatn på keipar og hamleband. Inga knirking er lov her.

Dei fekk ordren. Klar for kasting!
Notbåten hamlar til lands.

To mann smyg seg opp på steinane i fjøra, mjukt og stille som røyskatten.

Dei to, Frank Stølen og Jan Erik Skår, tek med seg landtauet til nota.

Notbåten ror ut landtauet.

Dei to på land er klare til å dra inn nota når notbåten har fått ut nota og har kome rundt.

Inga nøling no.

Notbasen følgjer nøye med og gjev ordrar.

Publikum på kaia og dei ivrigaste framme i parkett.

La nota gå!
I notbåten er Arne Valvik og Hugo Fretland og sender ut nota.
Roarar er Lars Ask og Roald Skår.

Ei not er som eit garn, men sterkare, lengre og djupare.
Poenget er no å ringe inn ein del av sjøen med fiskestimen inne i notakastet.

Dette bør skje rimeleg kjapt.
Samstundes roleg og stille så dei ikkje skremmer fiskestimen.

Basen er i sentrum og har oversikta.

Frank og Jan Erik har full kontroll i land.
Bak ser vi David Zadig med foto.
Han er offisiell festivalfotograf og har travle dagar.
Han må prøve å dokumentere alle teaterstykke og aktivitetane denne Teaterfestivalhelga.

Notbåten får ordre om å svinge til styrbord.

Basen peikar ut landingsstad.

Notbåten har sett ut heile nota.
Her kjem dei i land med landtauet. Dei må komme seg fort på land og dra inn tauet og nota.

Jan Erik og Frank kan dra inn første enden.

No må skimlebåten passe på. Leif Nistad er skimlebas og Markvard Eikerol er roar.
Deira oppgåve er å passe på at fangsten ikkje smett ut under landtauet der enden av nota skal inn til land.

Arne Valvik og Hugo Fretland har hoppa i land frå notbåten. Dei har landtauet og skal dra nota til lands. .

Skimlebåten. Dei plaskar med årane og sender ut skimla, ei kvit fjøl med lodd, for å jage rømlingar tilbake i nota.

Nota kjem inn.

Også siste enden nærmar seg land.
Hugo og Arne halar og dreg.

Snart har dei kontroll.
Basen bed dei få opp farten.

Men det er tungt arbeid å dra.

Det er like før nota er på land.
Skimlebåten gjer nokre siste plask.
Dette ser ut til å gå veldig bra.

Spenninga stig. Publikum strøymer til for å få sjå på nært hald.

Siste enden av nota er komen til lands.

Dra inn. Fisken kan no samle seg notposen.

Dra nota på land. Dette må gjerast på rett måte.

Dei tek inn kavl og botn, og har slakk på bussa.
Dei vil ikkje tømme fisken på sjøen att.

Basen og roaren tek til å speide etter kva som er kome inn i nota.

No er heile nota inne og dei har full kontroll på fangsten.
Høgdepunkt og finale i dette teaterstykket.

Roald Skår kan vise fram fangsten.
Eit iglekjer, kråkebolle, og ei lita sjøkjø.
Kjøa fekk sleppe fri og kan symje fornøgd vidare etter opplevinga i Dale.
Ho har var tross alt ein av hovudpesonane i dramaet.

Bjarne Haugen frå Atløy. Roar i basbåten og ein av dei som hadde scriptet til framsyninga.

Audun Barsnes var bas og han også hadde scriptet til Det store varpet.
Landnotkast i Dale.

Fangsten skuffa nok litt, men vi fekk eit godt gjennomført kast med landnot.
Fleire ungdommar har lært noko.
Publikum har sett eit nytt spel.

Regissør og produsent Markvard Eikerol er godt fornøgd med innsatsen til alle folka som vart med.
“Vi kan gjere dette om att neste år, kvart år”.

Nota er utlånt frå Villy Våge.
I Våge, vest i Fjaler, har dei brukt landnota til inn på 70-talet for å kaste brisling.

.

Sjå også:
Førebuing og øving. Generalprøva på Tysselandet. Teaterfestivalen i Fjaler: Det store varpet. Dramatikk og spenning. HER

Vist 163 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder