Velkomen til Atløy

Teaterfestivalen i Fjaler: Det store varpet. Dramatikk og spenning.

Premiere i Dale på laurdag 12. sept. Kaia i Dale ca kl 10.30 -
Generalprøva var på Tysselandet på torsdag.
Kasting med landnot.
Dette er eit realistisk og historisk spel eller drama.
Det har vore framført tusenvis av gonger på kysten og i fjordane.

Men kven har utstyret, kan handlinga, replikkane, rollene, og ikkje minst improvisasjonane.
Markvard Eikerol fekk jobben som regissør for dette teaterstykket.

Første oppgåve var å handplukke kyndige skodespelarar.
Audun Barsnes frå Grytøyra, Bjarne Haugen frå Atløy og Arne Valvik var dei første som vart tilsette.
Audun og Bjarne hadde vakse opp i lag på Atløyna og kjende spelet godt.

Så kunne Markvard godkjenne fleire yngre skodespelarar og statistar.
Hugo Fretland, Lars Ask, Sebastian Madsen, Frank Stølen, Richard Skår og Leif Nistad.

Desse måtte få opplæring og lære sine roller.

I ly av Ungholmen gjennomførde dei ei vellykka generalprøve.
Feste øyret, nota ut, ro lydlaust og omringe fiskestimen, loddde, skimle, hale inn.
Berre havørna var publikum her og kunne sjå fangsten av kjø og makrel.

Du kan komme på premieren i Dale laurdag i ti-ellevetida.
Det skjer ved Transplant, nett vest om ferjekaia.

Der vil Normann Vik vere herold og forklare kva som skjer.

8.09.2015
Asbjørn Eikerol
.

Jensbua på Tysselandet.

Færing og seksæring er sjøsette.

.

Jensbua. Ein gong base for M/K Fagervik.
Og her var kassefabrikk, tønnefabrikk, sildesalting og sagbruk.

.

Malvik. Her var post, butikk, telefon, dampskipskai og ferje.
Ein sentral stad på Tysselandet før i tida.

Samling oppe på Jensbua.

Lars Ask, Hugo Fretland, Sebastian Madsen og Frank Stølen på bortsida av bordet.

Kaffi og kringle til alle mann.

Jensbua kystkultursenter.
Det var ei stifting. No er det nyleg gjort om til A/S.

.

Audun Barsnes og Bjarne Haugen. Desse to har nøkkelroller i spelet.

Desse to har mykje å fortelje.

Dei har ansvar for å forklare og lære opp dei yngre deltakarane.

Regi og produsent: Markvard Eikerol.
Han har mykje av ansvaret for at produksjonen skal bli vellykka.

Han må tildele roller og oppgåver.
Richard Skår, Arne Valvik og Leif Nistad følgjer nøye med.

Trebåtane må trutne litt før dei er tette.
Hugo auser.

Richard auser.

.

Sebastian hadde teke med ei elektrisk pumpe.

Arne Valvik, Leif Nistad og Markvard Eikerol gjer klar lodd, skimle og not til generalprøve.

Sjølve nota kjem frå Våge i Ytre Fjaler.
Der har dei hatt tradisjonen med landnotkasting til på 70-talet.

Meir:

Teaterfestivalen i Fjaler. 11. – 13. september. HER

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

Landnot.
Lokalhistoriewiki

Årset notlag. Storenota går.

MB Litleveiren set landnota.
Landnot er ei not som er konstruert og berekna brukt frå båt på den måten at du startar setjing frå land, set inne fisken i ein halv sirkel og tek til land med siste ende og. Så dreg du fram nota frå ein eller begge endar. Når nota er dregen så nær land at ein har “botn i nota” og korken flyt kan ein seie at fisken er berga. Landnøtene er ofte tilpassa lokale behov og kan ha mange størrelsar. Døme:

Not 20 til 40 famner lengde, ofte kalla «Fantenot». Ei not som passa i færingen. Rask å setje, rask å drage, rask å få i hus att om lakseoppsynet skulle dukke opp.

Not på rundt 70 famner lengde. I notlag med fleire nøter oftast kalla «Lissjenota». Brukt anten frå store færingar med notflake i eller frå gavlbåtar med rull bak for lettare setjing og framtrekk.

Not på 90 til 180 famner lengde. I notlag med fleire nøter ofte kalla «Storenota». Så lenge det var hamp eller bomullsnot var dette tunge greier å handtere og det måtte 10 personar eller meir til ved bruk. Tidleg båtkonstruksjon, spjakespel i «Notbåten» og «Spelbåten», seinare hansveiva spel i begge båtane. Så kom handdriva «sute» på eine sida av «notbåten», utover frå 1930 ser ein denne får motordrift. Frå 1970 kom det små «kraftblokker» som saman med nylonnøter gjer handtering av store landnøter handterbare for ein person.

For å berge fisk i ei “landnot” er du ikkje alltid avhengig av å nå i land på anna vis enn at du får “botn i nota”. Botn i nota kan du få på ei flud, ein skalle eller eit stykke frå land på langgrunne plassar der nota når i botn og endane når saman så fisken er innestengd. Det har og vore teke store sildekast midtfjords. Med forsiktig sleping på begge endar og “skimling” har ein fått fisken sett i “lås”/steng.

I begge endar av landnota var det vanleg med lange tau, kalla “drått”. Denne er vanleg brukt for å kunne nå fisk lenger frå land enn notlengda i seg sjølv tilseier. Frå rundt 1970 vart det vanleg med ein “dregg”/lite anker i enden ein set fyrst (ein løyser/hivar ut dreggen og får nota til “å gå”) og brukar “drått” i siste ende ved behov.

For å bruke landnot i eit område måtte brukarane ha god oversikt over tilhøva langs fjøra, det var lett å rive not. Sjå: Oversikt over notaset / notakast i området.

Notlaga utvida ofte drifta for å få betre lønsemd med snurpenot.

Kjelder og informantar:
Austefjord Museum
Hefte utgitt av Austefjord Museun. Notfiske i Austefjorden
Magnar Høydal
Aarset, Hans f. 1936 som har vore med i notlaget og har gått gjenom rekneskap og notat
Høydalsvik, Oddvar E. f. 1951

Kjelde Lokalhistoriewiki.no HER

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

Snurpenot:
Etter kvart vart det kasting med snurpenot og større fartøy.
Men prinsippet er det same.
Det gjeld å ringe inn ein stim med brisling eller sild med nota.
Så er fiskan fanga og kan håvast inn.

..

Vist 211 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder