Velkomen til Atløy

Vil du ha besøk? Vertsfamile for ein elev på UWC?

Skule-elevar frå heile verda. Tett i tett.

100 nye skule-elevar til UWC no i august.
Dei blir her i to år.
På skulen er det mykje skulearbeid, mange aktivitetar, mange nye vener, og dei bur tett.
Somme elevar vil gjerne ha litt pause frå UWC og komme til ein norsk vertsfamilie.

Richard D A Lamont er rektor på UWCRCN, skulen på Haugland, Flekke.
Han ynskjer seg fleire vertsfamilier.
Det er veldig kjekt for elevane hans å komme ut og treffe nordmenn, oppleve ein heim, verte litt kjende med det norske samfunnet, fortel han.

Som vertsfamilie kan du få besøk tre helgar kvart semester. Ein eller to elevar.
Dei krev ikkje så stort program. Ut på tur, bli kjend med staden der du bur, vere barnevakt…
Og det går greitt å avbestille eit besøk viss det ikkje passar, seier Hildegunn Bringedal Arstein.
Ho er kontakt på UWC viss du er interessert.

Vi er heldige som har denne skulen og kan få desse kontaktane over heile verda.
Vi kan lære om språk, samfunn og kulturar.
Spesielt er dette til glede for ungdommar og barn i familien.
Vertsfamiliene blir invitert til show og spesielle arrangement på UWC, Flekke.

Vertsfamiliene bur i reiseavstand frå UWC, Måløy – Bergen – Stryn – Lærdal.

.

Kontakt
Hildegunn Bringedal Arstein (nc12hbar@staff.rcnuwc.no)
Hildegunn Bringedal Arstein, UWCRCN, 6968 Flekke.

Ho vil finne elev og familie som passar i lag. Ho fortel meir detaljer til deg.

(I haust har ho sett opp besøkshelg 11. og 25. sept. og 23. okt).

Kjenner du fleire som kan vere vertsfamile?
Då er det flott om du sender denne informasjonen vidare.

2.09.2015
Asbjørn Eikerol

På Haugland i går, 1. september.

.

.

.

.

BLI VERTSFAMILIE FOR EIN UWC-STUDENT. UNFO FRÅ UWC:

Sidan starten av UWC Røde Kors Nordisk i 1995, har lokale familiar støtta opp om skulen sitt vertsfamilieprogram for studentar, som er i alderen 16 til 18.

”Ein heim vekke frå heimen”.

Ein vertsfamilie opnar heimen sin for ein eller to stu-dentar 5-6 helger gjennom studieåret, noko som gjev studentane høve til kontakt med vaksne og born i ein familiesamanheng. Gjennom studieåret elles er dei på campus, med avgrensa samband med familien heime. Det er to hundre studentar på campus, som kjem frå over nitti land over heile verda. UWC har i dag femti vertsfamiliar og ynskjer seg fleire.

HEIMEKOS: Dei av studentar våre som er så heldige at dei har ein vertsfamilie, snakkar varmt om kva dette gjev dei. Dei vert kjende med folk i lokalmiljøet i eit heimekoseleg miljø, ein uvurderleg pause frå dagleg-livet på campus.

For både partar er det ein sjanse for gode samtalar og til å lære om ulike kulturar, eit fruktbart samarbeid som skapar gode og varige vennskap på tvers av grenser. Studentane vil til gjengjeld gje godt selskap, ein in-troduksjon til deira språk og kultur, og elles delta i fami-lien sine aktivitetar som eit familiemedlem. Dei snakkar alle engelsk og tek eit nybyrjarkurs i norsk.
.

Bli kjend-veke august 2015 på UWC:

.

.

.

.

.

.

UWC på FB HER

Vist 101 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder