Velkomen til Atløy

Ni atløyningar på kommunevallister

Mellom dei ni atløyningane som står på partilister til haustens kommuneval, er Jostein Grane kumulert på andre plass på Venstre. Det bør vere ein sikker plass. Venstre-lista med Gunnar Osland som ordførarkandidat på topp, har med fem frå Atløyna.
Norvald Gjervik kjem på 6. plass, Rita Thorsnes Herland på 18. John Ivar Askevold på 26. og Bjørn Arne Mjåseth på 27. og siste plass.
På Senterparti-lista finn vi Roald Vårdal på 3. plass og Harriet Norstrand som nr. åtte. Sp har berre 12 namn på lista som har noverande varaordførar Kjell Kristian Carlsen på topp.
Høgre har også funne plass til to atløyningar: Anja Grov på 3. plass og Arild Herland på 4. Ordførar Frida Melvær toppar lista som inneheld 18 namn.
Korkje Ap med Terje Bjånes først på lista eller SV med Gaute Losnegård har med nokon frå Atløyna på sine lister. KrF stiller ikkje liste til årets kommuneval. I følgje NRK er grunnen at ingen ville vere partiets ordførarkandiat. KrF har no to representantar i kommunestyret.
Tre av 21 representantar i Askvoll kommunestyre 2011-2015 er frå Atløyna.

Vist 484 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder