Velkomen til Atløy

Den store kveita hans Bårdnedrius

Id:
EIN669
Sted:
Fjaler, Sogn og Fjordane
Informant:
Samler:
A. H. Standnes

Det var ein vår eg og han far var ute i Bulandet og fiska. Me låg der etter palen, men me hadde kveitelina med oss og.
Så var det ein dag me låg på flakket nordanfor Bulandet, om lag midt mellom Bulandet og Håsteinen.
Me heldt på å leggja lina, og med det same me var ferdige, kasta han far uti dorgesnøre. Og han hadde ikkje før vel strakt det ut, då treiv der ei forleggjande stor kveite.
Han far rodde innetter, men ho var så sterk at ho drog båten utetter likevel, til havs skjønar du. Og han rodde og rodde for å få henne snudd, men ho drog med oss utetter like lett. Ja, han rodde så han spente bekken or båten, men enda nytta det ikkje.
Men då vart han far sint.
Så tok han og spente i av alle livsens krefter. Og då endeleg fekk han henne snudd. Og sidan fylgde ho villig med innetter, like inn i osen mellom Alden og Veren, så at det tok til å grynnast.
Men då sette ho imot. Då var det ikkje råd å få henne lenger, så me laut leggja åt land i Alden og han far gå på land og draga. Men han fekk henne ikkje av flekken, for ho hadde lagt seg i bakken.
Men då vart han far sint.
Og så tok han seg spennetak i ein nakke og tok i, ja han tok i så den eine foten stod bogen som ei kjelshalda. Men då måtte ho fram. Og ho var så stor og vid, at då han fekk henne fram i osen, tok uggane på den eine sida i land i Verlandet og på den andre sida i land i Alden. Og så tok han seg nytt tak, og då drog han kveita så hardt fram mellom båe landa, at uggane gjekk ei ål inn att i kjøtet kvar sida. Men då var ho ferdig og.
Det var den største kveita eg har sett. Me vart liggjande der eit halvt år og arbeida med all den fisken. Og me hogde i 18 tunner fisk or nedste leppa. Men kor mykje fisk det var i bulen, det hugsar eg ikkje så nøye. Men der kom jakter nordantil og sunnantil, og me lasta i 24 av dei største.
Beingrinda var så stor at det var ikkje tenkjande på for noko menneske å få ho der ifrå. Så ho vart liggjande der på osen.
Men då det leid ut på hausten, bles det opp ein sterk landsynning nokre dagar. Og då tok straumen beingrinda og førde henne ut med landet eit stykke. Og der vart ho liggjande. Og der ligg ho den dag i dag. Det er denne grunna dei no kallar Langefallet.
Då han far skulle gjera snøre opp att på sula, vart han so forfærd for han kunne ikkje på nokon måte få rom for det på sula att.
Men då vart han far sint.
Så tok han og hivde heile snøret av sula att og femnde det opp. Og då var det 400 famnar. Før var det 300 famnar, så det hadde togna 100 famnar.
Då han far stod oppe i bergnakken og sleit på kveita gav han seg ein knekk i den foten sin. For han far vart aldri meir lik seg i den foten.

Tekstsignatur:
NEB 11, s. 148f

Eventyr og Sagn – Norsk Folkeminnesamling

www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=%2052209

Informant: Samler: A. H. Standnes … Så var det ein dag me låg på flakket nordanfor Bulandet, om lag midt mellom Bulandet og Håsteinen. Me heldt på å leggja …

Vist 469 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

En skikkelig morsom historie med folkelig, frisk og ironisk fortellerkunst. Takk for publiseringen og fint at slike historier blir tatt vare på for fremtidige generasjoner.

Kveita på bildet er- som alle forstår- ikkje kveita hans Bårdnedrius. Kveita hans var mykje, mykje, mykje ……… større enn denne.

Annonse

Nye bilder