Velkomen til Atløy

MS Atløy kjem til Herland

Laurdag 27. september kl. 12.00 kjem veteranbåten Atløy til Herland og vert liggjande til kl. 13.00. Fartyet kjem frå Sogn og skal ha med poteter, gulerot og kålrabi frå Lærdal og epler frå Solvorn. Fjordaferda starta med å hente fisk i Kalvåg, Bulandet og Ytrøygrend: Salta brosme og singelfrosen torsk og sei. T-skjorter sel dei også.
Det vert open båt. Du får sjansen til å gå om bord og minnast gamle dagar, då båten gjekk i rute til Herland, Høyvik og Kumlevika. Den gongen bulendingane reiste nesten heile dagen for å komme til Askvoll.

Vist 154 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Eg trur båten skal til Askvoll etter den har vore på Herland(??).

Kanskje vil det vere råd å fylgje båten frå Herland via Høyvika til Askvoll??

Det kan verte ein fin tur.

Einig med deg, Svein. Kanskje du kan kontakte Atløy undervegs, dersom du vil vere med. Ludvig Grytten er skipper.

Annonse

Nye bilder