| Sauesund byggjefelt. Sida er enkel å bruke og alle er velkomne til å bli medlem og komme med innlegg. Nytt og gammalt lokalstoff, bilder og informasjon kan vere stikkord. Om mange er flinke å bruke kalenderen vil det verte lettare å halde seg oppdatert med kva som skjer, og kor det skjer. Utflytta atløyningar og andre med tilknytning til plassen, kan gjerne bidra til å gjere det interessant å besøke sida. Linker til relevante sider finn du under bokmerker.
SylystHar du sånt heime? Ta den med i kjellaren på Helgtun og del med oss. Onsdag 18. januar kl. 18 har vi første samlinga i år, og so prøver vi å treffast ein gang i mnd framover. Kvifor sitte heim og tråkle når du kan sy lappeteknikk i lag med oss? Det vert revy med VRAKKLINKERS og dans på Lørdag 21.01 Kl.19:30 i Grendahuset i Stongfjorden.Det er lagt ned mykje arbeid av arrangørane og revyartistane for at dei frammøtte skal få ein fantastisk flott kveld. Om taket står dagen etter får vi håpe, men eit er sikkert, det vert mykje gapskratt og god stemning i grendahuset denne kvelden. Betalt flyttingNår det gjelder utspill om å betale innbyggerene i Otterdal i Hornindal for å flytte, fordi det koster 230 mill for å bygge ny vei, er interessant. Denne måten å tenke på har jeg sansen for. Tenk om vi kunne gjort det samme med oss ca 500 innbyggarane på Atløy! Det koster staten 12 millionr kr å drive fergen mellom Atløy og Askvoll, hvert år. Dvs at dersom fergen blir lagt ned, så kan staten sette 12 mill ekstra i oljefondet hvert år. Dersom vi ser 30 år frem i tid og antar 6% gjennomsnittlig avkastning pr år blir dette med renter og renters renter 1017 millioner kroner. Dersom en antar 2% inflasjon pr år, blir det ca 700 millioner kroner i 2012 kroner som kan utbetales!! Dersom staten hadde betalt ut denne summen til folket på Atløy hadde vi jubla og staten kunne ha sluttet å betale fergen med det samme vi hadde fått pengene. Vi kunne da betalt fergen selv samtidig som vi bygget Atløybru. Antar brua i verste fall vil koste ca 440 mill og byggetid 2 år, som gir 24 mill i utgifter på drift av fergen i byggeperioden. Totalt utgifter på 464 mill. Så kunne vi ha betalt ny vei til Otterdal på 230 millioner og fremdeles hatt ca 6 mill igjen til åpnings fest for brua. Men kanskje veibygging er ansvarlige politikere på fylket sitt ansvar? Tradisjon utgår.Romjulsbordet fekk i år for lite påmeldingar. Derfor vert det i staden åpen dans fredag den 30.12 – frå kl. 22 i Atløy Kulturhus. HUNKY DORY spelar deg ut av matørska. Det kan gjere godt å komme opp av godstolen og ut på dansegolvet etter kvart. Aldersgrensa er fortsatt 15 år. Bill kr. 200,- PS; skulle du verte svolten kan du få kjøpe deg ei pylse. Full gass for Atløysambandet!!!!Skoltebord i Atløy kulturhusLørdag 5 november arrangerer vi det tradisjonelle skoltebordet. Meld deg på til Gunn 57732379 eller Thorild 57731437. Meld deg på, vi håper på masse folk og god stemning. Musikk av Bjarne Lunde. Vilnes kyrkja skal restaurerast.Fant dette avisutklippet blant min morfars gamle saker: Atløy tidlig i det forrige århundre.Jeg har nettopp moret meg med å se i gamle album fra mine besteforeldres tid den gang de besøkte familie i Sauesund, i Skaret og på Vilnes. Pengar til gatelysKumle kvinne- og familielag takkar alle som støtta basaren. Resultatet vart vel 28.000 kroner som kanskje blir til nær 1,5 veglyspunkt. Kring 130 små og store høyrde Atløykoret synge på basaren. Dei kjøpte også årar og lodd og fekk eplekake og kringle til kaffien. Basar for veglysSøndag 9. oktober kl.16.30 har Kumle kvinne- og familielag basar i Atløy Kulturhus. Inntekta går til veglys langs fylkesvegen. Vi håpar bygdefolket møter fram og støttar lys i bygda. Som kjent har vi så langt bygd veglys frå Grov til nordste huset i Gjervika. Prisen på dette anlegget ligg på kring 300.000 kroner skaffa gjennom basarar. No er det Grov – Vilnes sin tur til å få veglys, men til det treng vi meir pengar. Sidan vi ikkje får investeringspengar frå det offentlege, må vi sjølve skaffe midlane. Heldigvis har kommunen teke over drifta når anlegget har vore ferdig. Bokslepp bind II av den nye bygdebokaLaurdag 29. oktober kl. 14.00 er det bokslepp for bind II av “Havfolk og fjordfolk” på Askvoll fjordhotell. Boka tek for seg Askvollsamfunnet si utvikling frå 1860-åra og fram til i dag. Her finn du alt: samferdslesoge, skulesoge (f. eks. då herlendingane nekta å godta båten som skulle skysse ungane deira til den nye ungdomsskulen i Askvoll), soga om dei store sildefiskeria, dei første bilane, gamleheimane og mykje, mykje meir. Forfattaren vil presentere boka og det vert enkel servering. Alle er hjarteleg velkomne. Medlemsmøte i Askvoll ApTid:Torsdag 29. sept. kl 18.00 Saker: Fylkessekretær Monica Oppedal deltek på møtet. Vel møtt til viktig møte! 28.09.2011 Syng med oss!Onsdag 28 september kl 19 ynskjer Atløykoret vel møtt til Syng med oss-kveld i Atløy kulturhus. Det blir korsong, allsong og kanskje ein liten ønskekonsert! Einar, Jakob og Charles har med trekkspel og gitar. Vi byr på kaffi og deilige kaker, og det blir åresalg. Byt stove i ruskeværet og riv deg laus frå TV-en, vi skal ha det kjekt! Arr. Atløykoret Atløyna fekk tre i kommunestyretAv dei tre som kom inn i kommunestyret på Venstres liste var det Inger Lise Saltskår som klatra lengst. Ho stod på 19. plass og enda på 5. plass og er dermed medlem i kommunestyret. Turid Mattevik stod på 5. plass og enda som nummer 4, mens Bjørn Arne Mjåseth rykka ned ein plass frå 1. til 2. på lista. Utanom disse tre kom Gunnar Osland og Renate Berg inn i kommunestyret frå Venstre. Atløyna fekk også to varamedlemmer frå Venstre: 1. vara Norvald Gjervik og 3. Jostein Kåre Grane. I open sovevogn til SibirTorsdagskvelden – 15. september kl. 19.00 – kan vi oppleve ei annleis reisereportasje i Atløy Kulturhus. Då kjem frilandsjournalistane Marit Bendz frå Førde og atløyningen Heidi Hattestein til Atløy og skal fortelje om opplevingar på den lange togreisa på 3. klasse til Sibir. Dei feira jonsok og solsnu på tundraen saman med folka i ein liten landsby som held seg til den jakutiske naturreligionen. Dei møter mellom mange andre også sjamanar og et rått hestekjøt. Viktig med allmenningskaiFør sommarferien var allmenningskaia i Gjervik klar til bruk, då hadde det gått ni månader frå ferja Aurland senka den gamle kaia. Det er å håpa at neste gong ferja får problem, køyrer ho utanom allmenningskaia. Velkommen til paneldebattI samband med kommune-og fylkestingsvalet inviterer dei politiske partia til den tradisjonelle paneldebatten i Askvoll samfunnshus onsdag 31. august kl. 18.00. Politikarar både frå kommune- og fylkespartia vil vere til stades, og det blir ope for spørsmål frå publikum. Atløykoret startar oppatt med ny sesong!Øving mandag 22 august kl 18.30 i Atløy kulturhus. Hjarteg vel møtt til gamle og nye medlemer, vi har bruk for ALLE :-) Ny drift i lokala til Bakke gardsmatEi prosjektgruppe vil starte opp med ny drift i gardsmatanlegget på Bakke i Holmedal. Prosjektgruppa består av Kjell Kristian Carlsen (gardbrukar,slaktar og jeger frå Stongfjorden). Atløy
Følges av 116 medlemmer.
Atløy er ei av perlene yst i Dalsfjorden. Her ligg tre levande bygdesamfunn på kvar si side av øya; Kumle, Herland og Høyvik. Tilsaman er vi rundt rekna 450 innbyggara, med felles skule, barnehage, og godt opparbeidt idrettsanlegg med tilhøyrande kulturhus. Joker butikk med post finn du på Kumle, Tviberg Feriesenter med servering og drivstoffylling ligg på Herland. Høyvik og Herland har begge grendalag og grendahus. Mer om sonen Atløy er en sone på Origo. Les mer Annonse | |||||||||||